Korleis bidra

Bidrag til Vector.me fell vanlegvis innan ein eller fleire av desse fem kategoriane:

Merking av vektorfiler

Merkelappar er ord som skildrar kvar einskild vektorfil. Søkjesystemet vårt finn merkelappar som høver søkjeordet ditt, slik at me finn dei vektorane du vil ha. Med meir nøyaktige og komplette merkelappar, blir søket meir nøyaktig og effektivt.

Føreslå nye funksjonar eller meld frå om feil

Det er ei ny tenest, så nokre funksjonar manglar kanskje. I så fall er det fint om du melder frå til oss kva funksjonar du kunne tenkja deg. Viss du finn feil på nettsida vår, bed me deg kontakta oss med ein gong på feilmeldingsskjemaet.

Lastar opp nye vektorfiler

Viss du kjem over gode vektorsider på nettet: send dei til oss. Viss du lagar vektorar, vil du få vist fram arbeidet ditt til miljøet, og vil òg kunna hjelpa andre utformarar.

Omset Vector.me-prosjekt

Viss du har eit anna morsmål enn engelsk, og noko røynsle med å omsetja nettprogram, treng me hjelpa di. Vector.me kan omsetjast til 35 språk. Viss du vil gjera det betre å bruka for landsmennene dine, kan du senda ein epost til translate@vector.me

Hjelp oss å spreia ryktet

Viss du har ein nettstad, set me pris på at du lenkar til vector.me frå nettstaden din. Klikk her for bilete å bruka.

Viss du har ein blogg, kan du gjerne skriva eit innlegg om oss for å gjera folk kjende med vector.me.

Me set òg pris på om du sender ut ei twitter-melding, likar oss på facebook eller tilrår vector.me til grafikarar du kjenner.